Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om kvar i Høgre og Framstegspartiets framlegg vi finn verkemiddel som vil sikra industrien fisk og tryggja arbeidsplassane og verdiskapinga

Datert: 26.04.2017
Besvart: 26.04.2017 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Spørsmålet mitt går til fiskeriministeren.

Høgre-Framstegsparti-regjeringa vil avvikla pliktsystemet som industrieigde torsketrålarar må oppfylla for å kunna driva fiske. Pliktene er avtalar inngått mellom trålar, industri og lokalsamfunn om levering av fisk. Det omhandlar ca. 55 500 tonn torsk, eller 17 pst. av torskekvoten. Sandbergs fiskeripolitikk og skrotinga av pliktene har fått den same massive, negative kritikken som jordbruksmeldinga, som vi diskuterte her i går. Dette vil folket faktisk ikkje ha noko av. Folket vil ha utvikling, dei vil ikkje ha avvikling. Å kutta linjene mellom hav og land er feil, og det bryt òg med prinsippet at trålarane fekk fritak frå kravet om å vera aktive fiskarar. Og dei var for at ein faktisk skulle levera fangsten og råstoffet til industrien for å tryggja arbeidsplassane og verdiskapinga.

Arbeidarpartiet går motsett veg av Framstegspartiet og Høgre. Vi vil satsa framtidsretta på naturressursane, som vi eig i fellesskap. Vi vil ikkje avvikla, vi vil ikkje privatisera eller selja våre felles naturressursar. Fisken høyrer fellesskapet til og skal òg i framtida vera ein berebjelke for verdiskaping og arbeidsplassar i dei lokalsamfunna det gjeld. Kvar i Høgre og Framstegspartiets framlegg finn vi verkemiddel som vil sikra industrien fisk, og heilårsarbeidsplassane?


Les hele debatten