Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om korleis statsråden vil sørgja for beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering utan at sjukehusa skal ha kirurgar i vakt

Datert: 03.05.2017
Besvart: 03.05.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Regjeringa fører ein sjukehuspolitikk med nye omgrep for akuttkirurgi som ikkje er fagleg forankra. I Nasjonal helse- og sjukehusplan forsvann omgrepet «lokalsjukehus». Regjeringa meinte at dette ikkje var presist nok. Heretter skulle sjukehus definerast som «regionsjukehus», «stort akuttsjukehus», «akuttsjukehus» eller «sjukehus utan akuttfunksjonar». Stortinget slo fast at alle akuttsjukehus skal ha beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering og handtering av akutte hendingar. Spørsmålet er kva dette betyr.
I Nasjonal traumeplan er det slått fast at ved skade og ulykke skal pasientar med lang reiseveg fraktast til lokalsjukehus med traumefunksjon. Kva eit lokalsjukehus med traumefunksjon må ha av akuttberedskap, er nøyaktig definert i den nasjonale traumeplanen. Dei må ha vaktberedskap for kirurg, anestesilege og operasjonspersonell med traumekompetanse.
Uttrykket «kirurgisk vurdering og stabilisering» er ikkje definert, verken i sjukehusplanen eller i den nasjonale traumeplanen. Det er eit politisk konstruert ord, utan faglege realitetar. Det er eigna til å tilsløra debatten, gi falsk tryggleik og gjera folk usikre – stikk motsett av det som var føremålet med Nasjonal helse- og sjukehusplan. Dette kan sjølvsagt ikkje fortsetja.
Statsråden må kunna svara Stortinget på kva dette betyr i praksis. Som eitt eksempel har statsråden stadfesta at Narvik sykehus skal ha akuttsjukehus med beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering og handtering av akutte hendingar, men det skal ikkje ha kirurgar i døgnvakt. Korleis er dette fagleg mogleg? Eg forstår det ikkje. Vi får no akuttsjukehus som ikkje skal kunna ta imot akutt sjuke pasientar. Spørsmålet mitt er:

Korleis vil statsråden sørgja for beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering utan at sjukehusa skal ha kirurgar i vakt?


Les hele debatten