Spørretimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om velten til det første av dei nye redningshelikoptra gir grunn til å utsetje innkjøp av fleire helikopter til årsaka er klårlagd, eller om statsråden er trygg på at dette var eit hendig uhell som ikkje seier noko om kvaliteten eller moglege feil på helikoptra

Datert: 30.11.2017
Besvart: 06.12.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Det første av dei nye redningshelikoptra av typen AW101 velta den 24. november på Sola. Det skal koma til saman 16 slike innan 2020. Havarikommisjonen skal avgi rapport, men denne kjem først etter at fleire redningshelikopter har vorte leverte. Nummer to er venta allereie før jul.
Meiner statsråden at denne velten gir grunn til å utsetje innkjøp av fleire helikopter til årsaka er klårlagd, eller er han trygg på at dette var eit hendig uhell som ikkje seier noko om kvaliteten eller moglege feil på helikoptra?


Les hele debatten