Spørsmål
Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Vi i SV er bekymra for utviklinga i norske fiskeri. Vi hadde gode tider med svært gode fangstar, gode prisar og låg rente. Det har gitt svært gode inntekter til alle som jobbar innanfor fiskeria. Men dette er ei næring om svingar med natur, bestand og marknad. Det må fiskeripolitikken ta høgd for. Men gjer regjeringa det?
Dei siste åra har vi sett ei tidobling av prisane for å kome seg inn i norske fiskeri. Prisgaloppen har store konsekvensar. For det første fører det til at dei med tilgang til svært mykje pengar, er dei som har råd til å kjøpe seg inn. Ungdommen blir effektivt stengd ute, og i det siste har vi sett at i fleire kystsamfunn har ingen råd til å overta når den gamle fiskaren går ut. Tilgang til havet betyr mindre, tilgang til pengar meir, for kven som får delta i fiskeria.
For det andre har prisveksten ført til ein gjeldskarusell. Revisorar og rekneskapsførarar innanfor fiskeri har for lengst slått alarm. Gjeldsgraden innanfor reiarlaga er no mellom 50 og 100 pst. høgare enn gjennomsnittet for norske bedrifter. Mange fryktar no at vi er på veg inn i islandske tilstandar, der spekulasjonsdriven prisvekst skapte ei boble som sprakk, med katastrofale konsekvensar langt ut over Islands grense.
Vi er i ferd med å få ei slik boble i Noreg også. Problemet er at regjeringa gjer alt for å blåse varm luft inn i denne bobla: fjerning av fylkesgrenser, høgare kvotetak, liberalisering av instruksene, og no forslag om betydeleg auke i storleiken på kystflåte – for ikkje å snakke om Klo-saka, som vi nettopp diskuterte, som også vil føre til at fleire aktørar vil kome seg inn og presse prisane opp.
Er statsråden i det heile bekymra for utviklinga?