Muntlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til klima- og miljøministeren

Om den kontroversielle saka om løyve til deponering av totalt 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden, og korleis statsråden vil setje samfunnseffekt opp mot miljøeffekt når vi no veit at det blir lengre aktivitet med dagbrot, at drifta ved gruva blir berre 29 år, og at det blir færre arbeidsplassar

Datert: 10.01.2018
Besvart: 10.01.2018 av klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Det har lenge vore spennande tider i fjorden heime, for saka om fjorddeponi i Førdefjorden er kanskje ei av dei mest omtalte og kontroversielle forureiningssakene vi har i Noreg i dag. Og det er ikkje så rart, gjeve at det her er snakk om eit løyve til deponering av totalt 250 millionar tonn gruveavfall.

La meg først minne litt om historikken i saka. For etter åtvaringar frå næringsdrivande og folk langs fjorden, frå Fiskarlaget, frå Havforskingsinstituttet og fleire andre, sa Miljødirektoratet 4. november i 2014 nei til Nordic Mining sine planar. Direktoratet gjorde det klart at dette var deira råd, og at det var miljøfagleg grunngjeve: at det var på grunn av miljømessige negative konsekvensar.

Seinare bad ansvarleg statsråd Miljødirektoratet gjere ei ny vurdering av miljøkonsekvensane sette opp mot samfunnseffektane ved prosjektet. På dette tidspunktet hevda Nordic Mining at gruveaktiviteten skulle vare opp mot 50 år, og at berre 10 av dei skulle vere med dagbrot, og at det i snitt skulle vere 170 arbeidsplassar ved gruva.

Kvifor brukar eg så mykje tid på historikken? Jo fordi det er klart at dette har vore ei vanskeleg sak, der direktorat, statsråd og departement har vege to ulike omsyn opp mot kvarandre, og der samfunnsnytten vann marginalt. Og det er viktig, for 14. desember snudde prøvene frå Nordic Mining om på heile føresetnaden for prosjektet. Deira rapport slo fast at det kom til å bli 110 arbeidsplassar i snitt, at gruvedrifta skulle vare i 29 år, og at perioden med dagbrot skulle utvidast til 16 år, altså vare i over halvparten av perioden.

Når statsråden vurderer sånne saker, er eg klar over at det er usikkerheit knytt til levetid, samfunnsnytte og slikt, men spørsmålet er kor stort slingringsmonn ein eigentleg skal bruke når det er heilt klart at ein veg to ulike omsyn opp mot kvarandre. Så når vi no veit at det blir lengre aktivitet med dagbrot, at drifta ved gruva blir berre 29 år, og at det blir færre arbeidsplassar, korleis vil statsråden då setje samfunnseffekt opp mot miljøeffekt?


Les hele debatten