Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om statsråden vil ta grep for å sikra kvinner og deira nyfødde barn eit anstendig og fagleg forsvarleg føde- og barseltilbod i norske sjukehus og i kommunane òg i åra framover, eller om ein berre skal spare mest mogleg kostnadar

Datert: 28.02.2018
Besvart: 28.02.2018 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fleire stadar i landet planlegg sjukehus å korta ned liggjetida for kvinner og nyfødde etter fødsel. På ti år har liggjetida etter fødsel på norske sjukehus i gjennomsnitt sokke frå 3,2 døgn i 2007 til 2,7 døgn i 2016. I Bergen er det f.eks. eit mål om at 40 pst. av dei nybakte mødrene skal kunna reisa heim etter 6–24 timar når det nye sjukehuset er ferdig i 2023. Det skal ikkje byggast barselrom for normalfødande.
Dette skjer samtidig som det på landsbasis manglar 600–700 jordmorsårsverk for at mor og barn skal kunne få eit forsvarleg tilbod. 60 pst. av kommunane tilbyr ikkje heimebesøk innan to veker, slik som tilrådinga er.
Planen om å senda mor og barn heim etter seks timar er uverkeleg. Utviklinga er totalt uakseptabel, og fleire fagfolk ropar varsku. Barnelegane og jordmødrene fryktar for helsa til mor og barn. Dei fryktar for auka spedbarnsdødelegheit, ammeproblem som ikkje vert oppdaga, hjelp som ikkje vert gitt, sjukdom som ikkje vert behandla. Seks timar er kort tid. Det er omtrent dobbelt så lang tid som vi sit i spørjetimen her i dag.
Å sikra norske kvinner eit føde- og barseltilbod som framleis er trygt, er eit politisk ansvar. Barselomsorga held no på å verta definert ut av norske sjukehus. Det vert lagd opp til at mange kvinner ikkje skal overnatta etter fødselen – og det skjer på vakta til denne regjeringa.
Klinikkdirektørane viser berre til at barselomsorga må skje på ein måte som er mest mogleg effektiv, og som sparar mest mogleg kostnadar. Er statsråden einig i dette, eller vil han no ta grep for å sikra kvinner og deira nyfødde barn eit anstendig og fagleg forsvarleg føde- og barseltilbod i norske sjukehus og i kommunane òg i åra framover?


Les hele debatten