Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva alternativ som vert utreda og planlagt for når det gjeld _miljøtiltak for ubåtvraket ved Fedje_, og kva som er framdriftsplanen for dette arbeidet
Datert: 15.03.2018 Besvart: 21.03.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Kjersti Toppe (Sp): Ubåtvraket U-864 utanfor Fedje fekk etablert ei støttefylling som var ferdigstilt juli 2016. Støttefyllinga og havbotnen under ho må setje seg i 18 månader før vidare tiltak kan vidareførast. Stortinget har tidlegare bedt regjeringa vurdere to alternative miljøtiltak: heving av last og tildekking av vrak, eller tildekking av vrak.Kan statsråden informere Stortinget om kva alternativ som vert utreda og planlagt for når det gjeld miljøtiltak for ubåtvraket ved Fedje, og kva er framdriftsplanen for dette arbeidet?