Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva som er regjeringa sin visjon for kampen mot sorteringssamfunnet, og om ein vurderer ei reversering av PGD, altså at ein gjer det tillate å sjukdomsteste befrukta egg for å kunne luke ut spirande liv med visse typar eigenskapar

Datert: 18.04.2018
Besvart: 18.04.2018 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Kristeleg Folkepartis mål er eit varmare samfunn, eit samfunn der inkludering kjem framfor ekskludering. Eg fryktar eit samfunn der grupper fell utanfor. Ei av dei gruppene som eg er mest bekymra for, er det få som snakkar om: dei som ikkje passar inn, dei som er uønskte, dei som blir sortere bort. For eksempel kan moderne medisinsk teknologi føre til at det i framtida så å seie ikkje blir fødde menneske med Downs syndrom, og vi veit jo at ni av ti barn som får påvist Downs syndrom, blir sortere bort før dei blir fødde, òg i vårt eige land. Det er grunn til å stille seg spørsmålet: Om vi begynner med Downs syndrom, kvar skal vi da stoppe?
For snart to veker sidan såg vi korleis landsmøtet i Høgre valde å ta store steg i liberaliserande retning innanfor bioteknologien, og bort frå barns rettar. Mange i Høgre uttrykkjer likevel ein prisverdig motstand mot å få eit sorteringssamfunn. Kristeleg Folkeparti er glad for at Høgre åtvarar nettopp mot faren for eit sorteringssamfunn, men eg har òg lyst til å seie: Sorteringa skjer allereie i dag, og det er ikkje nok med gode ord og formuleringar i eit prinsipprogram, det er dei praktiske vedtaka som reelt sett styrer dette.
Statsministeren har eit nært og godt forhold til Høgre og Høgres landsmøte, men ho står her i dag som leiar for ei regjering. Eg vil utfordre henne på kva som er regjeringa sin visjon for dette, for kampen mot sorteringssamfunnet. Er ein villig til å gå til konkrete tiltak, der ein vurderer ei reversering av PGD, altså at ein gjer det tillate å sjukdomsteste befrukta egg for å kunne luke ut spirande liv med visse typar eigenskapar? Vil ein vurdere det ein gjorde på tvillingabort. Vil ein vurdere å endre § 2 c i abortlova, som er grunnlag for sortering?


Les hele debatten