Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om statsråden ikkje forstår alvoret i situasjonen i det psykiske helsevernet, der ein pasient tar sitt eige liv annakvar dag, med bakgrunn i at harde effektiviseringskrav, nedbygging av sengeplassar og auka omfang av sikkerheitspsykiatrien utfordrar pasienttilbodet

Datert: 25.04.2018
Besvart: 25.04.2018 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Eg vil stilla spørsmålet mitt til statsråd Høie.
Annakvar dag tar ein pasient i det psykiske helsevernet sitt eige liv. Det er ein svært alvorleg situasjon. Tala overraskar sjølv garva forskarar på feltet. At dette skjer så ofte på den plassen der pasientar med alvorleg psykisk sjukdom skulle vera aller tryggast, rokkar ved tilliten til det norske helsevesenet.
For to år sidan avslørte VG at det fann stad ein omfattande og ulovleg tvangsbruk overfor psykisk sjuke som var innlagde ved norske sjukehus. Kontrollkommisjonen som skulle sikra rettstryggleiken til pasientane, greip ikkje inn mot hyppig og ulovleg beltetvang. Det var òg ei svært alvorleg sak. Denne månaden fekk Noreg kritikk av FNs menneskerettskomité for vår praksis med elektrosjokkbehandling utan samtykke. Samtidig fekk vi kritikk frå FNs menneskerettskomité for korleis vi behandlar psykisk sjuke i fengsel – vi set dei på glattcelle.
Glassjenta-saka viste oss eit psykisk helsevern som ikkje gir barn i barnevernet forsvarleg helsehjelp. Harde effektiviseringskrav, nedbygging av sengeplassar og auka omfang av sikkerheitspsykiatrien utfordrar pasienttilbodet til den sjukaste gruppa med pasientar. Vi snakkar om korridorpasientar på akuttpsykiatrisk avdeling og månadsvis med venting for unge jenter med spiseforstyrring. Vi snakkar om låg bemanning, noko som aukar risikoen for tvang. Eksempla står i kø.
Dette viser eit helsevesen som diskriminerer pasientar med psykisk sjukdom, og ei regjering som ikkje grip inn. Forstår ikkje statsråden alvoret i situasjonen?


Les hele debatten