Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Om korleis justisministeren stiller seg til at dei tillitsvalde i norske fengsel slår alarm, med bakgrunn i ein vekst i gjengangarar, og at norske fengsel ikkje lenger evnar å levere ei straff som verkar

Datert: 09.05.2018
Besvart: 09.05.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Mitt spørsmål går til justisministeren.
På søndag kunne me sjå på TV2 at tillitsvalde i norske fengsel slo alarm. Me har over fire år fått eit kutt i norsk kriminalomsorg på over 200 mill. kr, og tillitsvalde frå NFF, Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund, og andre forbund seier no at dei ikkje lenger er i stand til å utføre sitt samfunnsoppdrag. Dette er alvorleg. Samtidig har regjeringa brukt nesten 1 mrd. kr på å leige fengselsplassar i Nederland. Eg er bekymra for samfunnssikkerheita, at me no kjem til å sjå ein vekst i gjengangarar, og at norske fengsel ikkje lenger evnar å levere ei straff som verkar.
Det har vore ei systematisk nedbygging av innhaldet i norsk kriminalomsorg i den tida som denne regjeringa har styrt. Til TV2 seier justisministeren sin statssekretær at ein snakkar mykje med dei tilsette, men det hjelper ikkje å snakke viss ein ikkje lyttar. Her på Stortinget har me lese Sivilombodsmannens rapportar om bruk av isolasjon. Me har òg registrert tilbakemeldingane frå institusjonen for menneskerettar, òg det som står i rapporten frå i år, som ikkje er bra.
Mitt spørsmål til justisministeren er: Korleis stiller justisministeren seg til at dei tillitsvalde no slår alarm på den måten dei gjer, og at dei meiner at dei no ikkje er i stand til å utføre det samfunnsoppdraget som er å forhindre ny kriminalitet?


Les hele debatten