Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Om at Stortinget vedtok at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal kartleggja pengestraumane i kommersielle selskap som opererer innanfor offentleg finansierte velferdstenester, når utvalet vart nedsett, kven som er medlemer, og kor langt dei har kome i arbeidet

Datert: 28.02.2018
Besvart: 28.02.2018 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Spørsmålet mitt går til finansministeren. Temaet er profitt i velferda, og at skattekroner skal gå til å gje innbyggjarane best mogleg velferdstilbod.
I fjor vedtok Stortinget at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal kartleggja pengestraumane i kommersielle selskap som opererer innanfor offentleg finansierte velferdstenester, som f.eks. innanfor private barnevernsinstitusjonar og private barnehagar. Utvalet skulle føreslå løysingar som kan sørgja for at offentlege midlar i størst mogleg grad går til produksjon av faktisk velferd, og korleis ein kan hindra uønskt skattetilpassing i selskap som i all hovudsak er finansierte av offentlege midlar. Då Stortinget debatterte regjeringserklæringa, spurde Rigmor Aasrud frå Arbeidarpartiet statsråden om korleis dette arbeidet gjekk. Statsråden svarte:
«Først og fremst ved å la utvalget få gjøre jobben sin. Og med utgangspunkt i det vil jo regjeringen komme tilbake til Stortinget.»
Ut frå svaret var utvalet nedsett og i gang med arbeidet. Eg har prøvd, men finn ikkje noko om nedsetjing av dette utvalet, eller kven som er medlemer. Difor spør eg statsråden: Når vart utvalet nedsett, kven er medlemer, og kor langt har dei kome i arbeidet?


Les hele debatten