Spørretimespørsmål fra Erling Folkvord (RV) til kommunal- og arbeidsministeren

Datert: 31.01.1997
Besvart: 05.02.1997 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Erling Folkvord (RV)

Spørsmål

Erling Folkvord (RV): Folketrygdlova gir ein arbeidslaus rett til å beholde dagpengane om ho nektar å ta tilvist arbeid som ikkje er lønna "etter tariff eller sedvane på stedet". Lova støttar kravet om at tariffløn skal betraktast som eit minstekrav til ordna arbeidsvilkår.

Er det da rimeleg at arbeidskontoret utestenger ein arbeidslaus frå dagpengar i åtte veker med grunngivinga at vedkommande slutta i den tidlegare jobben sin fordi arbeidsgivaren nekta å betale løn i samsvar med tariff?


Les hele debatten