Spørretimespørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren

Om statsråden vil fjerne subsidiane til utvinning av kryptovaluta, som er særs energikrevjande, med bakgrunn i at Skattedirektoratet nyleg har foreslått ei enkel og ubyråkratisk løysing for korleis dei kan fjernast

Datert: 08.11.2018
Besvart: 14.11.2018 av finansminister Siv Jensen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Utvinning av kryptovaluta er særs energikrevjande, gjev få arbeidsplassar og nyt i dag godt av store subsidiar frå regjeringa. Ifylgje ein ny amerikansk studie omtala av Klassekampen vil utvinning av kryptovaluta føre til to grader global temperaturauke innan 2033 dersom han vert innført i same tempo som andre teknologiar. Skattedirektoratet har nyleg foreslått ei enkel og ubyråkratisk løysing for korleis subsidiane til utvinning av kryptovaluta kan fjernast.

Vil statsråden no fjerne desse subsidiane?


Les hele debatten