Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om kva statsministeren har gjort for å skalere opp den norske innsatsen for å få ned utsleppa, når vi har fått ein rapport frå FNs klimapanel som seier me har dårlegare tid enn nokon gong

Datert: 21.11.2018
Besvart: 21.11.2018 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Eg skal følgje opp det som representanten Audun Lysbakken stilte spørsmål om, nemleg FNs klimapanel. Men så må eg òg seie at når me veit kor viktig verdas regnskog er for klima, og at me i budsjettforhandlingane nettopp har sikra at palmeolje skal fjernast frå biodrivstoff, så er det ein viktig siger – ja, eg vil seie det var palmesus over dei forhandlingane som blei avslutta i går.

Men rapporten frå FNs klimapanel seier at me har dårlegare tid enn det me trudde, og beskjeden frå våre fremste fagfolk er at utsleppa må ned med 45 pst. innan 2030 om ikkje global oppvarming skal bli høgare enn 1,5 grader. Rapporten slår fast at verdas utslepp aukar, og at det er ein betydeleg forskjell for verda om det blir ei auke på 1,5 eller 2 grader. Det har betydning for både natur og menneske, og me må forvente fleire ekstreme hetebølgjer i både Afrika, Midtausten og Mellom-Amerika. Det kan i verste fall føre til svikt i matproduksjonen, folkevandringar me knapt har sett maken til, og me vil oppleve at havnivået stiger.

Eg har òg høyrt statsministeren seie at utsleppa i Noreg går ned, og det er eg glad for. Men når verdas samla utslepp går opp, må me alle gjere meir. Mitt spørsmål til statsministeren er: Ettersom alle styringsdokumenta til regjeringa blei utarbeidde før den nemnde IPCC-rapporten, kva har statsministeren gjort for å skalere opp den norske innsatsen på dette livsviktige feltet og for at me skal rekke det i tide, no når me har fått ein rapport som seier at me har dårlegare tid enn nokon gong?


Les hele debatten