Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om kva regjeringa gjer for å sikre forsvarlege pasientreiser, og kvifor ikkje køyring i eigenregi er ei mogleg transportløysing for pasientane med dårlegast helse

Datert: 03.01.2019
Besvart: 09.01.2019 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I to ferske tilsynsrapportar får Pasientreisekontoret ved Oslo universitetssykehus knallhard kritikk. Fylkesmannen konkluderer med brot på forsvarlegheitskravet i spesialisthelsetenestelova § 2-2. Stortinget har vedtatt å be regjeringa gjere ein brei gjennomgang av regelverket for pasientreiser og fremme sak for Stortinget med tiltak for å forbetre ordninga. Men ingenting har skjedd på eitt år.
Kva gjer regjeringa for å sikre forsvarlege pasientreiser, og kvifor er ikkje køyring i eigenregi ei mogleg transportløysing for pasientane med dårlegast helse?


Les hele debatten