Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om det er i samsvar med god planleggingsskikk å utarbeida ein sjukehusplan for befolkninga i Oslo utan ein avklart verksemdsplan og utan at ein følgjer statens eigen rettleiar for sjukehusbyggjeprosjekt

Datert: 20.02.2019
Besvart: 20.02.2019 av helseminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Spørsmålet mitt går til helseministeren.

Det herskar i dag ein gigantomani i norsk sjukehussektor. Det gjeld i nord der Noregs største helseføretak i geografisk utstrekning, Finnmarkssykehuset, skal verta enda større og leggjast inn under Universitetssykehuset Nord-Norge. Det vil få ansvaret for å driva sjukehuset over eit enormt geografisk område. Forslaget kom som lyn frå klar himmel i regjeringsplattforma, heilt utan utgreiing eller involvering av dei tilsette.

Gigantomanien ser vi også her i Oslo. Oslo universitetssykehus er i dag Noregs største helseføretak med meir enn 23 000 tilsette. Helseministeren har godkjent å leggja ned Ullevål sykehus, som er Noregs største akuttsjukehus, selja tomta til eigedomsutviklarar og byggja sjukehusblokker som er nesten 80 meter høge på torget utanfor Rikshospitalet. Planane er urealistiske, både økonomisk, fagleg og reguleringsmessig.

Saka starta i 2012 då administrerande direktør Bjørn Erikstein hadde ein visjon om å leggja ringveg 3 i tunnel og samla all sjukehusdrift i Oslo på Gaustad. Det var Statens vegvesen som stoppa planane, men gigantomanien heldt fram. Leiinga i OUS la fram dagens plan om å leggja ned Ullevål og flytta aktiviteten til Gaustad og Aker. Denne løysinga har ikkje vore på høyring. Ein har ikkje utarbeidd ein verksemdsplan, og styret i Helse Sør-Øst har vedteke at vidare bruk av Ullevål no skal belysast – eit omgrep som er heilt utan avklart innhald.

Mitt spørsmål til helseministeren er: Er det i samsvar med god planleggingsskikk å utarbeida ein sjukehusplan for befolkninga i Oslo utan ein avklart verksemdsplan og utan at ein følgjer statens eigen rettleiar for sjukehusbyggjeprosjekt, og kva legg helseministeren i omgrepet «belysa»?


Les hele debatten