Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om statsråden vil sørgja for at den veterinære beredskapen vert utvikla og ikkje avvikla ved Veterinærinstituttets avdelingar i Tromsø, Trondheim og Sandnes

Datert: 20.02.2019
Besvart: 20.02.2019 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til Kristeleg Folkeparti-leiar og landbruksminister Olaug V. Bollestad.

Noreg har svært god dyrehelse. Ein viktig del av vår beredskap for å sikra god dyrehelse og oppdaga eventuelle sjukdomsutbrot tidleg har vore at me har laboratorium og moglegheit til å analysera prøvar rundt om i landet raskt. No vert denne beredskapen bygd ned gjennom at Veterinærinstituttet skal kutta ut laboratorium og obduksjonssalar for dyr i Tromsø og Trondheim. I Sandnes skal laboratorium kuttast. Dette skjer i hovudsak på grunn av manglande finansiering frå regjeringspartia av Veterinærinstituttets flytting til nye lokale på Ås.

Felles for både Tromsø, Trondheim og Sandnes er at det tilbodet som er bygd opp over lang tid, no vert knust. Det er varsla at dei tilsette vil få oppseiingar tidleg neste månad. Det er Kristeleg Folkeparti-leiar og landbruksminister Olaug V. Bollestad som er politisk ansvarleg for raseringa som no skjer.

Etter eit møte med Veterinærinstituttet i går verkar det som om landbruksministeren berre er oppteken av å ha ein desentralisert struktur utan å bry seg om det som faktisk er innhaldet i tilbodet i Tromsø, Trondheim og Sandnes. Stortinget har sagt at desse avdelingane skal utviklast. Då er ikkje svaret å la dei verta avvikla. Dette er rein og skir sentralisering.

Vil statsråden sørgja for at den veterinære beredskapen vert utvikla og ikkje avvikla ved Veterinærinstituttets avdelingar i Tromsø, Trondheim og Sandnes?


Les hele debatten