Spørretimespørsmål fra Hadia Tajik (A) til olje- og energiministeren

Om kva tid regjeringa vil levere forslag til finansieringsmodellar for karbonfangst og -lagring, slik dei kommersielle aktørane ber om

Datert: 07.03.2019
Besvart: 13.03.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Regjeringa har ikkje lagt fram ei utreiing om verdikjeden og finansieringsmodellar for karbonfangst og -lagring. Utan ei slik avklaring er det vanskeleg å skape føreseielege rammevilkår for moglege aktørar og sikre ekstern finansiering. Samstundes vil ikkje regjeringa seie om det vil kome ei investeringsavgjerd i 2020, og statsråden har skapt forvirring ved å antyde at det berre vil satsast på eit prosjekt.

Kva tid vil regjeringa levere forslag til finansieringsmodellar, slik dei kommersielle aktørane ber om?


Les hele debatten