Spørretimespørsmål fra Hans Inge Myrvold (Sp) til helseministeren

Om statsråden forsvarar Helse Møre og Romsdal sitt vedtak om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund, og om han meiner at fødande på Smøla, som vil få tre timars reiseveg til fødetilbod, overdriv avstandsulempene

Datert: 28.03.2019
Fremsatt av: Kjersti Toppe (Sp)
Besvart: 03.04.2019 av helseministeren Bent Høie

Hans Inge Myrvold (Sp)

Spørsmål

Hans Inge Myrvold (Sp): Styret i Helse Møre og Romsdal har på styremøte 27. mars 2019 vedtatt å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund, på tross av at ein fagleg rapport har dokumentert høgt risikonivå ved samanslåing. Det gjeld særleg risiko for manglande rekruttering og bemanning, tap av nøkkelpersonell, lang reiseveg for fødande og for beredskap og følgjeteneste. Fødande på Smøla vil no få tre timars reiseveg til fødetilbod.

Forsvarar statsråden Helse Møre og Romsdal sitt vedtak, og meiner han at fødande på Smøla overdriv avstandsulempene?


Les hele debatten