Spørretimespørsmål fra Geir Inge Lien (Sp) til samferdselsministeren

Om korleis statsråden vil sikre at omdanninga av Statens vegvesen skjer i tråd med regjeringa sine eigne ambisjonar for regional fordeling av statlege arbeidsplassar, og når statsråden ser for seg at det vil bli fatta ei endeleg avgjerd i denne saka

Datert: 28.03.2019
Besvart: 10.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Inge Lien (Sp)

Spørsmål

Geir Inge Lien (Sp): For tida pågår det ein gigantisk prosess i Statens vegvesen med overføring av oppgåver og tilsette frå staten til fylkeskommunane og ei mogleg overføring frå regionkontor til divisjonar kombinert med omfattande nedbemanning.
Korleis vil statsråden sikre at omdanninga av Statens vegvesen skjer i tråd med regjeringa sine eigne ambisjonar for regional fordeling av statlege arbeidsplassar, og når ser statsråden for seg at det vil bli fatta ei endeleg avgjerd i denne saka?


Les hele debatten