Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om kvifor det er eit sjølvstendig mål for regjeringa å kvitta seg med statleg og dermed ofte òg med nasjonalt norsk eigarskap til bedrifter, infrastruktur og naturressursar

Datert: 26.02.2020
Besvart: 26.02.2020 av næringsminister Iselin Nybø

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til næringsministeren.

Norsk eigarskap er eit viktig mål for Senterpartiet. Me meiner at eigarskapet betyr noko, og at korleis bedriftene opptrer, vert påverka av kven som er eigarar. Eigarskapet vert meir ansvarleg når det ikkje sit på andre sida av jordkloden.

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har kampen for nasjonalt eigarskap til bedrifter, infrastruktur og naturresursar vore spesielt viktig for Senterpartiet, for me fekk då eit politisk fleirtal, med Framstegspartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti, som etter Senterpartiets syn utfordrar det norske og nasjonale eigarskapet.

Me har bak oss nokre år der regjeringa Solberg har selt eller føreslått å selja bedrifter og svekkja lovar og vilkår som sikrar nasjonal kontroll med infrastruktur og naturresursar. Eksempla er mange: I 200 år har me i Noreg hatt ein norsk, nasjonal børs. No har Oslo Børs vorte ein filial styrt frå Amsterdam i børskonsernet Euronext. Regjeringa har kvitta seg med mange selskap, og endå fleire er føreslått lagt under hammaren for å verta selde ut.

Senterpartiet meiner at nasjonalt eigarskap og statleg eigarskap kan vera eit viktig verkemiddel for å sikra det nasjonale eigarskapet. Trass i dette har regjeringa lagt fram ei eigarmelding der det vert sagt at målet er å redusera staten sitt eigarskap.

Noreg er eit rikt land, men når det kjem til eigarskap i Noreg, oppfører me oss som eit fattig land, som sel unna for å halda skuta flytande. Så mitt spørsmål til næringsministeren er enkelt: Kvifor er det eit sjølvstendig mål for regjeringa å kvitta seg med statleg og dermed ofte òg med nasjonalt, norsk eigarskap?


Les hele debatten