Spørsmål
Unn Aarrestad (Sp): På grunn av låg norsk verdiskaping og teknologisk eksport ved bygging av oljeproduksjonsskip i utlandet, vart Gravutvalet nedsett for å vurdera korleis norsk industri skulle satsa for å oppnå konkurransedyktige løysingar ved bygging av slike skip i Norge. Utvalet har nå konkludert med at me treng eit skrogverft i Norge.
Vil statsråden medverka til at me får dette for å halda på og vidareutvikla norsk kompetanse og arbeidsplassar?