Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om korleis ministeren kan forsvare å levere ein langtidsplan til Stortinget, der Forsvaret vert sett på eit kvileskjær dei neste fire åra, som ikkje på nokon måte svarer på dei trugsmåla som Noreg har i dag, som me står overfor her og no

Datert: 06.05.2020
Besvart: 06.05.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til forsvarsministeren.

I sitt framlegg til langtidsplan for Forsvaret skriv regjeringa:

Etter å ha lese langtidsplanen som er lagd fram, kan ein spørje seg om regjeringa trur på det dei sjølv har skrive. I detalj skriv regjeringa om korleis den sikkerheitspolitiske situasjonen i våre nærområde er kraftig forverra sidan førre langtidsplan vart lagd fram, i 2016. Men kva er svaret? Jo, svaret er å utsetje heilt grunnleggjande nødvendig kapasitetsauke i Forsvaret til etter 2024.

Med regjeringas plan vert Forsvaret sett på eit kvileskjær dei neste fire åra. Det som skal gjerast, er anten alt vedteke, eller det skal vedtakast etter 2024. Føreslåtte løyvingar i første fireårsperiode er reelt langt, langt unna det som var forsvarssjefen sitt minst ambisiøse alternativ til forsvarsministeren – alternativ D, som knapt ville dekkje kostnader til å fase inn dagens plan. Slik Senterpartiet ser det, må planen anten sendast tilbake til regjeringa med omattleksa om å kome med ein plan for første fireårsperiode som er ambisiøs, og som møter dei utfordringane me har, eller – det andre alternativet – at Stortinget tek styring og ansvar og fyller planen med innhald som svarer til dagens sikkerheitspolitiske utfordringar, noko me ser at regjeringa ikkje kan.

Korleis kan ministeren forsvare å levere ein langtidsplan til Stortinget som ikkje på nokon måte svarer på dei trugsmåla som Noreg har i dag, som me står overfor her og no?


Les hele debatten