Spørsmål
Magnus Stangeland (Sp): "Det er i dag behov for eit tilbod til hardt trafikkskadde i Nord-Norge utover det sjukehusa kan gje. Trastad Gård i Harstad er nemnt som aktuell stad for eit slikt senter. Fylkeshelsesjefen i Troms har sendt brev til Sosialdepartementet om saka dagsett 22. januar 1988.
Vil statsråden medverke til at eit slikt prosjekt kan bli realisert, t.d. på Trastad Gård?"