Spørretimespørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om kvifor regjeringa legg forslaget sitt om domstolreforma fram for Stortinget til votering viss ingen domstolar skal bli nedlagde

Datert: 12.11.2020
Besvart: 18.11.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): ​I spørjetimen i Stortinget den 11. november sa justisminister Monica Mæland at ingen domstolar skal bli nedlagde, og at ingen skal miste jobben i samband med domstolreforma som regjeringa gjer framlegg om. Det følgjer av konstitusjonell sedvanerett at det berre er når regjeringa vil leggje ned domstolar at forslaget må fremjast for Stortinget.
Viss ingen domstolar skal bli nedlagde, kvifor legg då regjeringa forslaget sitt fram for Stortinget til votering?


Les hele debatten