Muntlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden meiner at sorenskrivarar, dommarar og advokatar rundt om i heile landet driv med desinformasjon når dei fortel om konsekvensane ved sentralisering, og når dei seier klart at domstolar faktisk kjem til å bli nedlagde

Datert: 11.11.2020
Besvart: 11.11.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

Regjeringa føreslår å redusere talet på rettskretsar for tingrettane, frå 60 til 23, og for jordskifterettane, frå 34 til 19. I mange lokalaviser den siste tida skriv representantar frå Høgre m.a. følgjande:

Det vi i Senterpartiet har sagt, er at 400–500 arbeidsplassar vil vere i spel på sikt om reforma blir gjennomført. Det Høgre burde fått med seg i tillegg, er at dei argumenta vi i Senterpartiet har sett fram i debatten om domstolsstrukturen, er baserte på høyringsinnspel og lesarbrev frå mange sorenskrivarar og tilsette ved ei rekkje domstolar og frå advokatar i heile landet.

Det gjeld i høgste grad også det som no av ein eller annan pussig grunn er stridens kjerne, nemleg det vi i Senterpartiet seier om at det ikkje er mogleg å slå saman rettskretsar utan å leggje ned domstolar. Til orientering stadfestar jusprofessor Eivind Smith i dagens Nationen at det er nettopp slik – domstolar vil forsvinne med denne reforma.

Vi har innspela våre frå sorenskrivarar, dommarar og jordskifteleiarar og tilsette ved domstolane i Øst-Finnmark, Salten, Senja, Ofoten, Nordfjord, Vesterålen, Namdal, Fosen, Romsdal, Nordmøre, Søre Sunnmøre, Hardanger, Valdres osv. osv. Eg lurer på om Høgre, og også statsråd Monica Mæland, meiner at sorenskrivarar, dommarar og advokatar rundt om i heile landet driv med desinformasjon når dei fortel om konsekvensane ved sentralisering, og når dei seier klart at domstolar faktisk kjem til å bli nedlagde?


Les hele debatten