Spørsmål
Jon Georg Dale (FrP): Mitt spørsmål går til olje- og energiministeren.
Stadig fleire parti synest dessverre å vere meir og meir opptekne av symbol enn av resultata i klimapolitikken. Etter at Framstegspartiet forlét regjeringa, synest det dessverre som om dette også begynner å forplante seg langt inn i regjeringskretsar.
Det kan ikkje lenger vere slik at det er viktigare å meine godt enn det er å gjere rett. Eit godt eksempel på det er debatten rundt elektrifisering av norsk sokkel. På eit budsjettspørsmål frå Framstegspartiet svarer Olje- og energidepartementet at anslag viser at elektrifisering av norsk sokkel kostar mellom 1 500 og 8 000 kr per tonn redusert CO2-utslepp. Til samanlikning kostar 1 tonn auka karbonbinding gjennom påskoging omtrent ein femtilapp, ifølgje Klimakur. 8 000 kr og 50 kr for det same resultatet! Kva er årsaka til at regjeringa så sterkt prioriterer tilrettelegging for elektrifisering av sokkelen til 8 000 kr per tonn, når ein ikkje vil bruke så mykje som ein femtilapp på effektiv påskoging?