Muntlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til klima- og miljøministeren

Om vi kan forvente at den varsla klimameldinga og utgreiinga av konsekvensane av klimagassutslepp og kostnadar ved ulike tiltak, er vesentleg betre fundamenterte enn regjeringa sitt eige forslag til budsjett og det som går fram av Klimakur, som kom tidlegare i år

Datert: 02.12.2020
Besvart: 02.12.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Det ser ut som statsråden trur han kan verte ståande, og det er sikkert like greitt.

For Framstegspartiet har det alltid vore avgjerande at vi fører ein klimapolitikk som er effektiv, som kuttar utslepp og ikkje flyttar norske arbeidsplassar. Eg opplever klima- og miljøministeren som ein politikar som har vore oppteken av effektiv ressursbruk og ikkje minst at klimapolitikken bidreg til reelle kutt. Det som hausten dessverre likevel har vist oss, er at dei to tinga i kombinasjon synest han å vere mindre oppteken av.

Eg vil vise til nokre av dei budsjettspørsmåla som Framstegspartiet har sendt til Klima- og miljødepartementet i haust, eksempelvis: Kva klimatiltak kan ein gjennomføre med ein kostnad under 500 kr prer tonn? Kor mange tonn CO2 forventar ein at statsbudsjettet som ein har foreslått, kuttar CO2-utsleppa med, og kva er kostnaden på dei tiltaka kvar for seg? Kva slags klimatiltak ligg det i statsbudsjettet som har klimagassutsleppsreduksjonar som si hovudgrunngjeving? Svaret på alle spørsmåla er at det finst ikkje svar. Det finst ikkje svar på om klimapolitikken er effektiv og faktisk verkar. I lys av det har regjeringa meldt til Stortinget at dei denne hausten vil levere klimameldinga si basert på Klimakur. Då er spørsmålet: Kan vi forvente at utgreiinga av konsekvensane av klimagassutslepp og kostnadar ved ulike tiltak er vesentleg betre fundamenterte enn regjeringa sitt eige forslag til budsjett og det som går fram av Klimakur, som kom tidlegare i år?


Les hele debatten