Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis statsråden ser for seg at politiressursane skal finne kvarandre ved alvorlege hendingar når regjeringa har sørgt for at politistasjonane og lensmannskontora ikkje lenger eksisterer og/eller er bygd ned i store delar av landet
Datert: 29.04.2021 Besvart: 05.05.2021 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland
Jenny Klinge (Sp): Ved dei om lag 120 lensmannskontora som vart lagde ned i 2017, forsvann 350 politiårsverk. I tillegg har over om lag halvparten av dei gjenverande politistasjonane og lensmannskontora mista tilsette gjennom den såkalla "nærpolitireforma", jf. SSB. Korleis ser statsråden for seg at ressursane skal finne kvarandre ved alvorlege hendingar når regjeringa har sørgt for at dei ikkje lenger eksisterer og/eller er bygd ned i store delar av landet?