Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og beredskapsministeren

Om å erkjenne at samvirke- og samordningsutfordringane i beredskapen ikkje er følgt godt nok opp av regjeringa, med bakgrunn m.a. i koronarapporten

Datert: 28.04.2021
Besvart: 28.04.2021 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

Høgre gjekk til val to gonger på betre beredskap, men dei to siste åra har me ei rekkje eksempel på at oppfølginga har svikta. Til saman har høgreregjeringa hatt sju ministrar med ansvaret for beredskap, ein periode med ein eigen beredskapsminister og ein folkehelseminister. Det skulle etablerast eit beredskapselement ved Statsministerens kontor, som blei fasa ut etter kort tid. Regjeringa fekk i si tid store utfordringar og problem med å handtere objektsikring, og me står no i ein situasjon der regjeringa må beklage sviktande handtering av sikkerheitslova i tilknyting til Bergen Engines-saka.

Så har me fått ein koronarapport, som ikkje seier berre det Høgre vil ha det til, at ein her har fått bestått, men som òg viser til at det er alvorleg svikt i beredskapen. Me har heldigvis klart oss betre enn veldig mange andre land. Det er bl.a. takk vere at me er eit tillitssamfunn med eit sterkt offentleg helsevesen og ikkje minst eit trepartssamarbeid – ikkje nødvendigvis fordi beredskapen før pandemien var god nok.

Koronarapporten viser manglande samordning og lite heilskapsansvar. For ni år sidan sa Gjørv-kommisjonen det same. Desse samvirke- og samordningsutfordringane i beredskapen har med andre ord vore godt kjende for regjeringa. Spørsmålet mitt er difor om justisministeren vil erkjenne at det ikkje er følgt godt nok opp av regjeringa, trass i at justisministeren sitt eige parti, Høgre, gjekk til val på beredskap i både 2013 og 2017.


Les hele debatten