Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om den uføreseielege måten regjeringa har handtert reiselivet og luftfarten på gjennom pandemien

Datert: 19.05.2021
Besvart: 19.05.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Spørsmålet mitt går til næringsministeren og gjeld reiseliv og luftfart.

Reiselivsnæringa og luftfarten er store næringar med verdiskaping og arbeidsplassar over heile landet. Men det er òg dei næringane som er ramma hardast av pandemien. Krisehandteringa har etter Senterpartiet sitt syn bore preg av ei regjering som ikkje heilt har forstått alvoret for desse næringane, og som har vore bakpå. Stortinget har gong på gong vore nøydd til å ta ansvar. Dessverre har krisetiltaka frå regjeringa i for lang tid hatt eit kortsiktig og uføreseieleg preg.

Reiselivsnæringa – turistane forsvann over natta – står i ein veldig alvorleg situasjon. Kompensasjonsordninga har hjelpt, men det endrar ikkje faktum: Det er framleis krise i reiselivsnæringa. Senterpartiet trur ikkje at regjeringa og næringsministeren heilt forstår alvoret i situasjonen.

Ei anna næring som er kraftig ramma, er flybransjen. Det er faktisk få bransjar som er ramma hardare. 30 000 direkte tilsette har opplevd ein nedgang på 95 pst. i den internasjonale trafikken og 70–75 pst. i den nasjonale trafikken. Likevel er denne næringa av regjeringa halden utanfor kompensasjonsordningane. Og ei velfungerande luftfartsnæring er ein føresetnad for å lykkast med reiselivet.

Så er det mange innanfor desse næringane som har forventningar til sommaren. Men framleis er regjeringa si anbefaling at folk skal droppa unødvendige reiser i Noreg. Dette gjev lita føreseielegheit for næringane. Og sjølv om det skulle verta ein god sommar med mange nordmenn som får moglegheit til å reisa, kan ingen delar av verken reiselivet eller luftfarten leva av éin god månad i året.

Då er spørsmålet: Er statsråden fornøgd med den uføreseielege måten regjeringa har handtert reiselivet og luftfarten på?


Les hele debatten