Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om korleis forsvarsministeren stiller seg til kritikken frå NATO, og kva konkret han vil gjere for å sikre at Noreg oppfyller NATO-krava til hær og heimevern innan 2024

Datert: 26.05.2021
Besvart: 26.05.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til forsvarsministeren.

At denne regjeringa ikkje er nemneverdig oppteken av landmakta, er ikkje noko nytt. I 2016 vart hær og heimevern gløymde i langtidsplanen og skyvde ut i ei eiga landmaktutgreiing. Status i 2021 er at Heimevernet er redusert med 5 000 soldatar, og Hæren ventar enno på nye stridsvogner medan dei er fråtekne helikopter. Me må òg sjå langt etter ein fullt oppsett brigade.

Det er ikkje berre Senterpartiet som er oppteke av at Noreg skal ha ei sterk landmakt. Det er òg viktig for NATO. Dei allierte forsvarsministrane vart samde om at Noreg skulle prioritere og utvikle ein fullt kapabel, tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte. NATO har nyleg retta kritikk mot forsvarsprioriteringane til regjeringa, nettopp fordi dei ikkje leiar til at Noreg møter NATO-forpliktingane og styrkekrava på landmaktsida. Det er alvorleg. NATO skriv at det er tydeleg at Noreg og NATO sine forsvarsplanleggingsprioriteringar i praksis ikkje er spesielt godt avstemte, spesielt i landområde.

Senterpartiet meiner det er viktig at Noreg tek ansvaret sitt på alvor og som ein potensiell frontlinjestat får på plass brigaden i tråd med NATO-krava. Inntil Noreg gjer dette, kan allierte potensielt måtte ta ein del av Noreg sin rettmessige del av byrda til alliansen, seier NATO.

Ynskjer ein det? Ynskjer ein at soldatar frå allierte land skal kome inn og gjere jobben? Korleis stiller forsvarsministeren seg til kritikken frå NATO, og kva konkret vil han gjere for å sikre at Noreg oppfyller NATO-krava til hær og heimevern innan 2024?


Les hele debatten