Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til forsvarsministeren

Om å gi statsråden ei ny mogelegheit til på ein skikkeleg måte å trygge Tromsøs befolkning, med bakgrunn i at ein amerikansk atomubåt la til kai i Tromsø og etter utfall både mot lokale folkevalde og mot bekymra befolkning

Datert: 26.05.2021
Besvart: 26.05.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Etter ei avgjerd i regjeringa la ein amerikansk atomubåt til kai i Tromsø kommune. Dette skjedde etter varige protestar frå folk og frå kommunestyret i byen – og i ein situasjon der vi ikkje har dei nødvendige beredskapsplanane eller konsekvensanalysane på plass. Det har skapt stor uro, både av beredskapsomsyn og fordi ein ved dette held fram med å sjå ei verkelegheit i nord prega av aukande spenning.

Statsråden fekk tydelegvis med seg uroa og organiserte eit folkemøte i Tromsø for å lytte til folks uro den 3. mai. Same dag gjekk han ut i landets største avis og melde:

Sidan da har forsvarsministeren gjentatte gonger bagatellisert folks uro rundt ubåtanløpa, både risikoen for ulykke og at folk i Tromsø er kritiske til å bli dregne inn i ei militær opptrapping.

Etter alle utfall både mot lokalt folkevalde og mot ei bekymra befolkning på folkemøtet gir eg statsråden her og no ei ny moglegheit til «live» i landets nasjonalforsamling på ein skikkeleg måte å roe Tromsøs befolkning.


Les hele debatten