Spørsmål
Leiv Blakset (Sp): "Det er mangel på nynorske lærebøker til norskopplæring for innvandrarar. I kommunar som har nynorsk som skule- og administrasjons- målform vil innvandrarar møte ekstra vanskar fordi der ikkje er fullt samsvar mellom norskformene i læreboka og tale- og skrivemålet i kommunen.
Kva vil departementet gjere for å rette på dette?"