Spørretimespørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Om det er Arbeidarpartiet eller Senterpartiet sine utsegner i valkampen som regjeringa lyttar til, med henvisning til at Hurdalsplattforma ikke nemnde Hordfast

Datert: 15.10.2021
Besvart: 27.10.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): I valkampen i Hordaland snakka regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet mot kvarandre om Hordfast. Der Arbeidarpartiet sine representantar la vekt på at traseen og konseptet låg fast, snakka Senterpartiet sine kandidatar om omkamp om trasé. Hurdalsplattforma nemnde ikkje Hordfast, så det er viktig for vidare framdrift å få klarlagt kva for parti sitt syn som er førande for regjeringa si haldning.

Er det Arbeidarpartiet eller Senterpartiet sine utsegner i valkampen som regjeringa lyttar til?


Les hele debatten