Spørretimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Om at regjeringa vurderer å auke statleg eigarskap i einskilde selskap, men òg selje seg ned i andre, og kva for selskap som er aktuelle for statleg nedsalg og oppkjøp

Datert: 18.11.2021
Besvart: 08.12.2021 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I eit intervju med Finansavisen 18. november les eg at statsråden varslar at regjeringa vurderer å auke statleg eigarskap i einskilde selskap, men òg selje seg ned i andre.
Kva for selskap er aktuelle for nedsalg, og kva for selskap er aktuelle for statleg oppkjøp?


Les hele debatten