Muntlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til klima- og miljøministeren

Om statsråden kan forklare miljøeffekten ved å elektrifisere sokkelen, og korleis regjeringa kan framføre ein politikk som sender rekninga til norske forbrukarar og næringslivet, med skyhøge straumprisar som dette tiltaket kan medføre

Datert: 05.01.2022
Besvart: 05.01.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Etter stortingsvalet var dagens finansminister, Trygve Slagsvold Vedum, ute og sa at ein måtte hugse på at politikarane var innbyggjarane sine tenarar. Det kan sjå ut som om regjeringa har gløymt at vi skal vere innbyggjarane sine tenarar med omsyn til handteringa av straumprisane her i landet.

Noreg er i ein alvorleg straumsituasjon, med skyhøge straumprisar. Folk sit heime og frys, og næringslivet slit. Seinast for få dagar sidan bekrefta olje- og energiministeren at prisane på straum kunne vare ved, med dobbel pris vidare i vinter og kanskje også verre. Underteikna har på vegner av Framstegspartiet gjort framlegg om å stanse kraftkablane til utlandet, regulere eksporten av kraft, stoppe elektrifiseringa av sokkelen, leggje om nettleigemodellen og redusere den.

Samtidig ser vi ei alvorleg kraftkrise i Europa som har oppstått av feilslått klima- og miljøpolitikk, der Noreg no opererer som Europas batteri. No skal regjeringa og Høgre også elektrifisere sokkelen, sende krafta ut frå land, gassen til Europa og brenne han der, men her heime kan gassen ikkje brukast. Havvind vert også planlagd. Det er stor frykt i bl.a. ei av landets viktigaste næringar, fiskerinæringa, som fryktar øydelegging av viktige fiskefelt. Havet er eit av framtidas blåe spiskammers, og her er det store moglegheiter framover til vekst og utvikling.

Spørsmålet mitt går til klima- og miljøministeren. Kan statsråden forklare miljøeffekten ved å elektrifisere sokkelen, og korleis kan regjeringa framføre ein politikk som sender rekninga til norske forbrukarar og næringslivet, med skyhøge straumprisar, som dette tiltaket kan medføre?


Les hele debatten