Muntlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Om statsråden kan seie noko om kor tid eit slikt regulatorisk grunnlag - eller regelverk, om ein vil - for havbruk til havs vil kome på plass, og i det minste i alle fall kva tidsplan det blir arbeidd etter

Datert: 19.01.2022
Besvart: 19.01.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Tidlegare denne månaden kom det nye eksporttal som viser eventyrlege tal for norsk eksport av sjømat i 2021. Totalt eksporterte Noreg 3,1 millionar tonn sjømat til ein verdi av over 120 mrd. kr. Havbruket utgjorde 71 pst. av eksportverdien, mens volumet utgjorde 44 pst.

Potensialet for vekst er også enormt, særleg når det gjeld havbruk. Gjer vi dei rette tinga her, kan vi auke produksjonen mange gonger fram mot 2050. Høgre er svært opptatt av at vi greier å utløyse det enorme potensialet vi har, at næringa òg i framtida kan skape enorme verdiar, produsere god og sunn mat og oppretthalde Noregs posisjon som verdas nest største eksportør av sjømat. Skal vi greie dette, må vi leggje til rette for vekst, utvikling og modernisering. Samtidig må vi greie å handtere dei ulike fiskehelse- og miljøutfordringane næringa har, som lakselus, avfallsutfordringar og arealkonflikt.

Måndag 7. desember 2020 la professor Ragnar Tveterås ved Universitet i Stavanger fram rapporten Verdiskapingspotensiale og veikart for havbruk til havs. Denne og andre rapportar viser at moglegheitene og potensialet for havbruk til havs er svært store.

Regjeringa Solberg har vore tydelege på at ein ønskjer å leggje til rette for havbruk til havs og har over fleire år arbeidd godt med å leggje fundament for eit regulatorisk grunnlag. Slikt juridisk nybrottsarbeid tek tid, og dei juridiske rammevilkåra er enno ikkje på plass. Rett nok gjeld dei fleste relevante lovene også i norsk økonomisk sone, men det er nødvendig å få eigne reglar som er særleg tilpassa havbruk til havs.

Spørsmålet til statsråden er difor: Kan statsråden seie noko om kva tid eit slikt regulatorisk grunnlag – eller regelverk, om ein vil – vil kome på plass, og i det minste i alle fall kva tidsplan det blir arbeidd etter?


Les hele debatten