Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om det kan gis ei forklaring på dei manglande kunnskapane til statsråden om traséval for ny E39 del Digerneset til Ørskogfjellet, der det viser seg at statsråden har feilinformert om at trasévalet var tatt for prosjektet, og dette danna grunnlaget for eit kostnadsanslag på ca. 24 milliardar kroner

Datert: 16.02.2022
Besvart: 02.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal behandla høyring om traséval for ny E39 del Digerneset til Ørskogfjellet den 27. oktober 2021. Her er mange alternativ, og fylket er sterkt kritisk til prosessen. Statsråden har i svar til underteikna i fleire spørsmål slått fast at trasévalet var tatt for prosjektet, og dette danna grunnlaget for eit kostnadsanslag på ca. 24 milliardar kroner. Nå viser det seg at statsråden har feilinformert.
Kan det gis ei forklaring på dei manglande kunnskapane til statsråden om prosjektet?


Les hele debatten