Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Etter at regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2023, er det openbert at transportsektoren og samferdselsministeren sitt ansvarsområde er årets tapar. Andre tenesteområde i regjeringa sitt statsbudsjettframlegg er på eller over den økonomiske ramma for 2022, i transportsektoren er det forslag om betydelege kutt.
Kva er grunnen til at statsråden ikkje har fått gjennomslag i eiga regjering for transportsektoren og heilt nødvendig infrastrukturbygging, som dermed set tusenvis av arbeidsplassar i fare?