Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om statsministeren kan grunngje auke i arbeidsgjevaravgifta til neste år

Datert: 26.10.2022
Besvart: 26.10.2022 av statsminister Jonas Gahr Støre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Regjeringa har føreslått ein historisk kraftig auke i skattenivået neste år, og mykje av skatteauken som er føreslått, har regjeringa ei grunngjeving for – ja, mykje av det verkar dei ganske entusiastiske rundt. Formuesskatten og utbyteskatten skal opp, for det meiner dei vil vere sosialt. Grunnrenteskatten for kraftproduksjon skal opp, fordi ein meiner at det er for høg profitt. Ein kan diskutere det fram og tilbake, men regjeringa har i det minste ei grunngjeving, og vi får tru dei på at dei meiner det.

Det regjeringa derimot ikkje har grunngjeve, er kvifor arbeidsgjevaravgifta skal opp neste år. Alle bedrifter i dette landet som har tilsett det som ikkje er «vanlege folk», altså dei som har ei samla inntekt over 750 000 kr, får ei samla skatterekning på 7,7 mrd. kr. Arbeidsgjevaravgifta har ikkje vore differensiert på inntekt før, no vert ho det. Bedriftene klør seg i hovudet over byråkratiet det vil skape, over korleis det påverkar lønsoppgjeret, men først og fremst over kvar dei skal finne pengane til å betale. Nokre bransjar er særleg hardt ramma, f.eks. IT-næringa, der innsatsfaktoren er folk, flinke folk, og der arbeidsmarknaden er internasjonal.

På eit seminar her på Stortinget i går varsla fagforeininga Tekna at IT-selskap allereie no planlegg å flytte arbeidsplassar ut av landet som følgje av denne auka arbeidsgjevaravgifta. Men dette rammar mykje breiare enn IT-næringa. Det er hundretusenvis av private verksemder i dette landet som no må betale ekstra arbeidsgjevaravgift.

I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at dei vil «føre en forutsigbar og ansvarlig skattepolitikk overfor næringslivet».

På høyringa i finanskomiteen førre veke var alle høyringsinstansar som uttalte seg, kritiske til dette forslaget. Ingen forstod kvar det kom frå, og kva grunngjevinga var. Kan statsministeren forklare kva han har tenkt?


Les hele debatten