Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden kan gjere greie for korleis det er mogleg at den foreslåtte grunnrenteskatten på oppdrett og straumproduksjon ikkje skal få negative konsekvensar, med fare for betydelege tap av oppdrag og arbeidsplassar
Datert: 02.11.2022 Besvart: 16.11.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum
Frank Edvard Sve (FrP): Fleire frå regjeringspartia hevdar grunnrenteskatten både på oppdrettsnæringa og for straumprodusentane berre rammar dei "rike". Rundt om i landet får vi dagleg høyre om lokale bedrifter i distrikta og distriktskommunar som fryktar betydelege negative konsekvensar av den greinlause grunnrenteskatten, med fare for betydelege tap av oppdrag og arbeidsplassar.Kan statsråden gjere greie for korleis det er mogleg at den foreslåtte grunnrenteskatten på oppdrett og straumproduksjon ikkje skal få desse negative konsekvensane?