Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Om kva kommunalministeren vil seie til alle rundt i Noreg som held på med å få kommunebudsjetta til å gå i hop og som no er skuffa over regjeringa

Datert: 23.11.2022
Besvart: 23.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Spørsmålet mitt går til kommunalministeren – for det er ikkje berre her i huset ein held på med budsjettarbeid om dagen, det gjer ein òg rundt i norske kommunar.

I dei åtte åra me har lagt bak oss, har situasjonen vore som følgjer: at stortingsfleirtalet, som Framstegspartiet har vore ein del av, har styrkt kommuneøkonomien med meir pengar år for år. I tillegg har næringslivet hatt gode rammevilkår, og dei har sørgt for gode tider og gode skatteinntekter. Då meinte kommunalministeren og partiet hans at meir pengar til kommunane var «magert».

Det var faktisk sånn dei siste åtte åra at ute i kommunane syntest folk det var greitt, men i oslobobla, i arbeidarparti- og senterpartikretsar, syntest ein det var tynt og magert. No er det motsett; no er det sånn at alle i Kommune-Noreg føler at det er tynt og magert, mens i regjeringskvartalet, blant statsrådane til Arbeidarpartiet og Senterpartiet, synest ein at dette er bra.

Til NRK seier Håvard Moe i KS:

Bakgrunnen for det er at norske kommunar no opplever at tilskot frå Husbanken til omsorgsbustader for utviklingshemma blir sette på vent. Havbruksfondet får tilført mindre pengar, og det blir mindre overskot derifrå til norske kommunar. Straumen blir dyrare for norske kommunar utan tilstrekkeleg straumstøtte. Løns- og prisveksten blir høgare. Det er framleis usikkerheit om koronakompensasjonen for inneverande år, sjølv om me er komne langt ut i november. I tillegg vil utbytet frå kraftselskapa til norske kommunar bli mindre, fordi regjeringa forsyner seg av det, sånn at kommunebudsjetta blir magrare neste år.

Spørsmålet mitt er difor: Kva vil kommunalministeren seia til alle rundt i Noreg som held på med å få kommunebudsjetta til å gå i hop, som no er skuffa over regjeringa?


Les hele debatten