Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om kva regjeringa vil gjere viss vi no etter 1. februar ser at ein aukar daglegvareprisane på ein urimeleg måte

Datert: 04.01.2023
Besvart: 04.01.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Næringsministeren kan kome tilbake «i leia her» nok ein gong. Eg ønskjer godt nyttår.

SV har i mange år kjempa for å gjere noko med konsentrasjonen av makt i daglegvaremarknaden, og i vår fekk vi viktige gjennomslag, saman med det som viser seg å bli eit breitt fleirtal på Stortinget, for tiltak for å hindre konsentrasjon, spreie makt, få meir rettferdig konkurranse, meir openheit osv. – tiltak som regjeringa jobbar med. Dette er saker som først får effekt på litt lengre sikt. Situasjonen vi står i no, er at 2022 var eit elendig år for norske hushald, og det var dessverre sterkt drive fram av utviklinga i daglegvaremarknaden. I fjor auka daglegvareprisane med 12,7 pst., og 1. februar blir forhandlingane om nye prisar avslutta. Da forventar aktørane ein auke på ytterlegare 10 pst.

Det vi ser, er at prisane aukar mykje meir for varer som norske bønder produserer – og vi veit at dette er avtalebaserte prisar. Her har ein framforhandla prisar for det bøndene produserer, men likevel aukar dei mykje meir, og vi ser ein prisauke som er mykje høgare enn i andre bransjar. Det vi ser, er på mange måtar ein urimeleg prisauke.

Vi har verktøy i dette landet for å forhindre urimeleg prisauke. I lov om pristiltak står det at det er «forbudt å ta, kreve eller avtale priser som er urimelige.»

Mitt spørsmål til næringsministeren er rett og slett: Viss vi no etter 1. februar ser at ein aukar prisane på ein urimeleg måte, kva vil regjeringa gjere?


Les hele debatten