Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Om kva det er dei held på med i Oslo, med henvisning til manglande tilbakemelding, at ein ikkje svarar på spørsmål, og at når kommunedirektøren i Ålesund ringjer i romjula, får han beskjed om at dei ikkje får noko svar, sjølv om kommunen treng ei avklaring, bl.a. for å få eit lovleg budsjett for inneverande år

Datert: 04.01.2023
Besvart: 04.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Eg vil ønskja kommunalministeren eit godt nytt år og la også han få lov til å svara på eit spørsmål i dag.

Eg er litt usikker på kva som er tv-vanane til statsråden på nyåret, om han til liks med meg følgjer med på KommuneTV og ulike overføringar av formannskaps- og bystyremøte. I går hadde eg i alle fall gleda av å følgja det første møtet til formannskapet i Ålesund. Ålesund er jo ikkje kva kommune som helst, det er den einaste kommunen som skal ha ei deling, og det er den største arbeidsgjevaren mellom Bergen og Trondheim – altså ein betydeleg aktør.

Det var eit fornøyeleg syn å følgja det formannskapsmøtet. Ordføraren frå Arbeidarpartiet sa i møtet at ho var skuffa over den situasjonen «dei», altså regjeringa, har sett kommunen i. Høgre-representanten i formannskapet kalla det uverdig. Framstegspartiets Håkon Lykkebø Strand sa at tilliten til dagens regjering er på eit historisk botnnivå, og Senterpartiets eigen varaordførar sa at han støtta kvart eit ord om den skuffelsen dei andre representantane sette ord på. Arbeidarpartiets Geir Ove Leite stilte det passande spørsmålet: Kva er det dei held på med i Oslo?

Når han spør om kva dei held på med i Oslo, gjeld det den manglande tilbakemeldinga, at ein ikkje svarar på spørsmål, og at når kommunedirektøren ringjer i romjula, får han beskjed om at dei ikkje får noko svar. Slik er det sjølv om kommunen har spelt med opne kort og sagt at dei treng ei avklaring, bl.a. for å få eit lovleg budsjett for inneverande år, for at dei kan vita om staten stiller opp.

Difor vil eg igjen stilla det spørsmålet som gruppeleiaren til Arbeidarpartiet i formannskapet stilte: Kva er det dei held på med i Oslo?


Les hele debatten