Spørretimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til olje- og energiministeren

Om regjeringa vil ta omsyn til innspela i høyringsrunden ved tildeling av konsesjonar for flytande havvind

Datert: 04.01.2023
Besvart: 11.01.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Den kommande utbygginga av havvind i Noreg kan skape betydelege ringverknader for norsk næringsliv, ikkje minst for dei mange mindre og mellomstore leverandørbedriftene langs kysten, og særleg knytt opp mot flytande havvind.
Vil regjeringa ta omsyn til innspela i høyringsrunden om kriteria for tildeling av havvindkonsesjonar om at det må stillast tydelegare og sterkare vekta krav om å legge til rette for positive lokale ringverknader ved tildeling av konsesjonar for flytande havvind enn i utkastet som no har vore på høyring?


Les hele debatten