Spørsmål
Torgeir Knag Fylkesnes (SV): For kystens folk var valet i 2021 eit skjebneval. I mange år hadde dei sett kystsamfunn forvitre, fordi fiskeressursane hadde blitt konsentrert på stadig færre hender, sentralisert på stadig færre stader. Dei hadde opplevd på kroppen at kvotesystemet ikkje var organisert for dei. Det var ikkje nærleik til fiskeressursar som avgjorde retten til å fiske, det var nærleik og tilgang til kapital som avgjorde. Systemet hadde blitt det motsette av kva det opphavleg skulle vere. Målet var ikkje å få til busetjing og skape mest mogleg verdi av fiskeressursane i distrikta, men mest mogleg verdi for færrast mogleg.
Kritikken og opprøret har vore der lenge, men blitt avfeia av den eine fiskeriministeren etter den andre. Men i april 2020 slo bomba ned i norsk fiskeripolitikk. Riksrevisjonens grundige gjennomgang av kvotesystemet var oppskakande lesing. Kvotesystemet, sjølve fordelingsmekanismen i fiskeria, hadde undergrave måla i fiskeripolitikken om busetjing og sysselsetjing i kystsamfunna. Dei fleste kystsamfunna hadde til og med tapt på utviklinga, og verst hadde det ramma ungdomen, sjølve framtida. Kritikarane hadde fått rett.
I denne situasjonen mobiliserte heile sentrum–venstre for nødvendig reform av fiskeripolitikken. Svært mange lét seg overtale av Arbeidarpartiet og Senterpartiets lovnader om at no skal fisken kome folket langs kysten til gode. Fiskeriminister Skjæran var sjølv ute og lova bot og betring. Den minste flåten skulle styrkjast. Halvanna år etter valet – kva har skjedd? Ingen ting: Kvotesystemet er uendra, statsråden meiner vi må vente på ny kvotemelding før noko kan gjerast, og i mellomtida fortset systemet som ei maskin med ei øydeleggande kraft, som Riksrevisjonen beskreiv.
Kan statsråden forklare Stortinget kvifor ingenting har skjedd?