Spørsmål
Børre Rønningen (SV): ""Statkraft støtter Høyres friere kraftmarked" var overskrifta på ei pressemelding dagsett 11. august 1989 frå informasjonssjef Dankert Freilem i Statkraft. Pressemeldinga gav støtte til fleire av Høgres framlegg i ei parti-innstilling om kraftforsyninga i Norge, avgjeve i august 1989.
Stør olje- og energiministeren Statkraft i dette synet, og vil Olje- og energidepartementet legge dette til grunn for arbeidet med eventuelt omorganisering av Statkraft?"