Spørsmål
Kjellbjørg Lunde (SV): "Øyanevegen i Nordhordland vil bety svært mykje for øysamfunnet Fedje. Kommunane Fedje og Austerheim saman med Hordaland fylkeskommune er viljug til å gå inn med midlar for å framskunde prosjektet mellom anna på bakgrunn av den store arbeidsløysa i regionen.
Vil samferdsleministeren ta initiativ til at staten bidrar med midlar til prosjektet?" (Tatt opp av repr. Asbjørn Bjørnset)