Spørsmål
Sigbjørn Framnes (FrP): Framstegspartiet har i regjering gitt skognæringa eit løft, mellom anna med ei stor satsing på tømmerkaier. Flaskehalsen i dag er vegnettet til desse kaiene. I dag er det berre 14 pst. av kommunevegnettet i Noreg som er tillate for standard tømmervogntog. Ei støtte til fjerning av flaskehalsar på kommunale vegar bør komme på plass.
Vil statsråden opne for at tilskotsordninga som allereie finst, også inkluderer at det kan ytast tilskot til fjerning av flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale vegar?